Gå til innhald

Vigilo Analytics

Data er ein uvurderlig ressurs som i mange tilfelle ikkje vert utnytta til sitt potensial. Ved å analysere fortida, vil ein få vite meir om kva som kan skje i fremtida. Gjennom Vigilo Analytics vil kunden kunne omforme sine eigne data til nyttig kunnskap som til slutt gir utslag i betre tenestar.

Vigilo OAS vil allereie frå implementeringa innehalde ei stor mengd data om barn, elevar og tilsette i kommunen sine barnehagar og grunnskular. Etter kvart som løysninga vert teke i bruk, vil nye data bli lagt til, både direkte i Vigilo og via integrerte tredjepartar. Løysninga sine rapportar presenterer data på ein oversiktleg måte og gir eit godt innblikk i dagens situasjon. Med Vigilo Analytics vil ein kunne sjå det store bildet både ved at dataene vert sett i samanheng i større grad og ved å analysere desse i eit historisk perspektiv. På denne måten kan ein avdekke trendar og årsakssamanhengar.

Anonymiserte data vert overført til ein datasjø/datalager, slik at ein kan hente ut all naudsynt informasjon utan å belaste sjølve løysninga. I denne prosessen er det avgjerande å registrere endringar av data, for å kunne sjå utviklingar over tid.

Data frå Vigilo Analytics vil bli presentert gjennom eit integrert analyseverktøy frå Power BI. Dette inneheld både klikkbare, interaktive rapporter og grafiske framstillingar. Her kan ein gå frå ein overordna framstilling til detaljerte djupdykk i underliggande data. I tillegg vil dataene bli eksponert i APIer for bruk i andre verktøy.

Det å registrere endringar i data og sette desse i samanheng, er også ein forutsetning for maskinlæring. Dette gir dataene ei heilt ny praktisk anvending kor løysningen på eigenhand kan analysere dataene og komme med anbefalingar eller til og med gjere eigne beslutningar. Vigilo kjem til å nytte maskinlæring i forbindelse med timeplanlegging, bemanningsplanlegging, automatisert barnehageopptak og andre former for ressursoptimalisering. Dersom data er drivstoff, vil Vigilo Analytics vere motoren.