Gå til innhald

Personvern

Vigilo tar ditt personvern på alvor. Under kan du lese om korleis vi arbeider for å sikre informasjon i løysninga vår

Kort fortalt handlar personvern om retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar. Vigilo har bestandig behandla dine personopplysningar med største forsiktighet, akkurat som vi sjølv ønsker at våre personopplysningar vert behandla. Vi spør om din tillatelse for å få lov til å lagre opplysningane du gir oss, og du har alltid rett til å vite kva opplysningar vi har lagra om deg, samt å få dei sletta.

 

GDPR innebærer i grunn større tryggleik for deg, og stiller mykje høgare krav til selskap som leverer tenester. Dette gjeld spesielt korleis selskapene behandlar dine personopplysningar.

 

I forbindelse med innføring av GDPR i Norge har vi oppdatert systema våre, og stilt strenge krav til våre leverandørar. Dersom ei uønska hending likevel skulle oppstå, har vi etablerte rutiner og alliert oss med dei beste ressursane innanfor cybersikkerhet. Dette har vi gjort for å minimere dei eventuelle konsekvensane, og for at du skal få så rask og tydeleg informasjon som mogeleg.

 

For meir detaljert informasjon om ditt personvern som brukar av Vigilo, sjå emnene på denne sida.

Denne personvernerklæringa gjeld for behandlinga av personopplysningar som blir gjort av Vigilo AS. 

 

Vigilo tar ditt personvern på største alvor. Vi vil sørge for at vi behandlar opplysningane vi har om deg i tråd med personvernlovgivninga.  

 

Personopplysningar er alle opplysningar og vurderingar som kan knyttas til deg som enkeltperson. Dette kan f.eks. vere navn, bustad, e- postadresse eller teknisk informasjon når du nytter våre tenester.  

 

I denne personvernerklæringa gir vi deg informasjon om korleis vi nytter og beskytter dine personopplysningar og kva personvernrettigheter du har. 

Vigilo er i dei fleste tilfeller databehandlar, men i nokre tilfelle også behandlingsansvarleg i relasjon til dei dataene vi behandlar. Under får du ein rask innføring i dei to rollene og under kva omstendigheter Vigilo innehar rolla som enten databehandlar eller behandlingsansvarleg. Vi vil, uansett rolle, ikkje be om/ innhente andre opplysningar enn det som trengs for å levere avtalt løysning til kunde/brukar.  

Databehandlar er ein som behandlar personopplysningar på vegne av ein behandlingsansvarleg. Det kan vere ein leverandør som sørger for utsending av nyhendebrev for bedrifta, eller ein rekneskapsfører som sørger for lønnsutbetaling. Sjølv om det er den behandlingsansvarlige bedrifta som har ansvaret for behandlinga, har også databehandlarar forpliktelsar etter lovverket.

Vigilo har rolla som databehandlar for personopplysningar vi behandlar i våre løysningar (Vigilo OAS, Vigilo Barnehage, Vigilo SFO, Vigilo Skule, eller Vigilo Barnehageopptak). Opplysningane er eigd av kunden, og vårt oppdrag som databehandlar vert regulert av ein databehandleravtale.

For innsyn, retting eller sletting – kontakt din aktuelle kommune, barnehage eller skule.

Behandlingsansvarleg er den som bestemmer formålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast.

Vigilo har rolla som behandlingsansvarleg for personopplysningar vi hentar inn på våre nettsider, for eksempel ved innsending av supportsakar. Dette kan typisk være navn, kontaktopplysninger og IP-adresse for å kunne svare på førespurnadar og skreddersy brukarhjelp. For innsyn, retting eller sletting i overnevnte kontekst sender du førespurnad til Vigilo.no/kundesupport, merk meldinga med Personvern.

I samband med at du direkte, som tilsett i ein Vigilo- skule eller -barnehage, eller indirekte som forelder eller næraste familie gjennom ditt/dine barn kor skulen eller barnehagen er brukar av våre tenester, kan vi typisk behandle følgande opplysninger om deg som:

 

Forelder og næraste familie til barn i Vigilo-barnehage/-skule

Fødselsnummer/DUF-nummer; Fornamn; Etternamn; Kjønn; Statuskode; Bustadadresse; Postnummer; Poststad; Land; Adresseavgrensing; Postadresse; Postnummer; Poststad; Statsborgarskap (Nasjonalitet); Bydel; Bydelsnummer; Kommunenummer; Morsmål; Rolle; E-post; Telefonnummer; Inntektsopplysningar; Fakturainformasjon; Sivilstatus; Familierelasjonar; namn på bustad; sysken; Andre manuelt registrerte omsorgspersonar (foreldre)

 

Barn i Vigilo-barnehage/-skule

Fødselsnummer/DUF nummer; Fødselsår; Fødselsdato; Fornamn; Etternamn; Kjønn; Foreldreansvar; Statuskode; Bustadadresse; Postnummer; Poststad; Land; Adresseavgrensing; Postadresse; Postnummer; Poststad; Statsborgerskap (Nasjonalitet); Bydel; Bydelsnummer; Kommunenummer; Skulekrets; Morsmål; Målform; Skuleskyss; Brukernamn; Fråværsoversikt; Vurderingar; Opplæringsplanar; Rapportar; Meldingar; Rutiner; Samtykke; E-post; Telefonnummer; Helseopplysningar; Bilde; Einingstilhøyrsle; Gruppe/klassetilhøyrsle

 

Tilsett i Vigilo-barnehage/-skule

Fødselsnummer/DUF-nummer; Fornamn; Etternamn; Fødselsdato; Kjønn; Nasjonalitet; Morsmål; Målform; E-post (jobb og privat); Telefonnummer (jobb og privat); Bustadadresse; Postnummer; Poststad; Land; Adresseavgrensing; Postadresse; Postnummer; Poststad; Personstatuskode; Tilsettnummer; Rolle; Start/sluttdato; Utdanning; Kompetanse; Stillingstittel; Stillingsprosent; Tilsettingstype; Arbeidserfaring; Kompetanse; Lønnsinformasjon; Fråvær; Fråværsårsak; Pårørande; Einingstilhøyrsle; Klassetilhøyrsle; Meldingar

I tillegg til de ovennevnte opplysningane kan innloggede brukere manuelt registrere andre personopplysninger i løsningens dokumentbehandling tjeneste og meldingstjeneste.

Vigilo vil ha tilgong til opplysningane i den grad det er naudsynt for å oppfylle våre forpliktelsar etter avtalen med kommunen/private einingar. Alle tilsette ved Vigilo med tilgong til personopplysningar har signert taushetserklæring.

 

Behandlingen av personopplysningar som Vigilo gjer på vegne av kundene (kommune, skule, barnehage), består i å stille løysningane (Vigilo Skule, Vigilo Barnehage, Vigilo OAS, Vigilo Barnehageopptak) til rådighet, samt å utføre naudsynt drift og vedlikehold av løysningane.

 

Løysningane skal nyttast til: å kommunisere med tilsette, elevar og foreldre, føre fråvær og anmerkningar, vurderingar, utviklingssamtalar, elevsamtalar, vikarhåndtering, timeplansetting, fakturering, behandling av grunndata, søke barnehage og SFO-plass, rapportering, handtering av skuleskyss, booke rom, digitale elevmapper og handtering av IOP, ha oversikt over ansattes kompetanse og arbeidserfaring.

 

Vigilo kan i tilfeller bli instruert av kunde (behandlingsansvarleg) til å dele opplysningane dei er ansvarlege for med tredjepartar som kunden på førehand har godkjent og har separat avtale med.

Som nemnt over opererer Vigilo i all hovedsak som databehandler på vegne av behandlingsansvarleg, altså den enkelte kommune, barnehage eller skule. Behandlingsgrunnlaget Vigilo har, i denne samanheng, er for å levere avtalt løysning til kunde (kommune, skule, barnehage). Den digitale løysninga Vigilo leverer skal bidra til å sikre god opplæring og oppfølging i oppvekstsektoren i kommunen i henhold til gjeldande regelverk og god praksis. Vigilo vil til ei kvar tid kunne tilby oppdaterte databehandleravtalar til kundane vi er databehandlarar for. Vigilo vil kun behandle data som er godkjent av behandlingsansvarleg, altså kun data som er naudsynt for levere avtalt løysning.

 

For opplysningar som Vigilo er behandlingsansvarleg for er behandlingsgrunnlaget for å levere avtalt/etterspurt teneste til brukar, samt besvare supportførespurdnadar.

 

For å vite meir om våre kundar sitt behandlingsgrunnlag ber vi deg om å kontakte din barnehage, skule, SFO eller kommune. Behandlingsgrunnlaget vil kunne variere frå kunde til kunde.

Vi deler personopplysningar om deg med våre tenesteleverandørar kun kor det er naudsynt for å levere produkt og tenestar til deg. Dette omfattar bl.a. våre leverandørar for utvikling og drift. Samtlige tenesteleverandørar som som vi gir lovleg grunnlag til å behandle personopplysningar og som har behandling som eit formål er godkjente av Behandlingsansvarleg gjennom databehandleravtale.

Vi vil i slike situasjonar inngå avtalar med leverandørane som beskyttar dine personopplysningar og som sørger for at leverandørane ikkje kan bruke opplysningar utover det som følger av denne personvernerklæringa. Vigilo sine leverandørar er underlagt dei same strenge reglane som er i databehandleravtalane (kunde-Vigilo) for behandling av personopplysningar som Vigilo er underlagt av sine kundar.

  • Cegal AS
  • Zendesk
  • Microsoft
  • Filemail
  • SMS teknik AB

Samtlege leverandørar har gyldig databehandleravtale med Vigilo

Vi vil ikkje dele dine opplysningar som vi er behandlingsansvarlege for med andre tredjepartar enn dei som er nemnt over (våre leverandørar) utan ditt eksplisitte samtykke.

 

Om du så gir eit slikt samtykke kan vi dele den informasjonen du gir oss tillatelse til. Dette kan for eksempel gjelde eksklusive tilbud og invitasjonar frå våre samarbeidspartnerar. Du kan når som helst trekke eit slikt samtykke.

Vigilo kan i tilfeller bli instruert av kunde (behandlingsansvarleg) til å dele opplysningane dei er ansvarlege for med tredjepartar som kunden på førehand har godkjent og har separat avtale med. Desse tredjepartane vil variere mellom Vigilo sine kundar (også behandlingsgrunnlaget) og Vigilo ber deg derfor kontakte din barnehage, skule, SFO eller kommune for meir informasjon.

 

Opplysningar om deg kan gis til relevante myndigheter, dersom vi av domstol eller andre myndighetsinstanser er pålagt slik utlevering.

Vigilo AS lagrar dine personopplysningar i henhold til den ein kvar tid gjeldande lovgivning og så lenge du har ein brukarprofil. Dersom du slettar profilen din, vil dine personopplysninger bli sletta og dine bruksdata bli anonymisert.

Til foreldre: Opplysningar om barn og foreldre vert lagra så lenge barnet er innskrevet i barnehage/skule og deretter kun så lenge som naudsynt og ikkje lengre en kva gjeldande lovverk tilseier. Personopplysningar om barn er særlig beskytta. Foreldre godkjenner på vegne av barna og barna kan samtykke sjølv fra fylte 15 år. Kva opplysningar som er arkivverdig vert bestemt og behandla av behandlingsansvarleg (skule, barnehage og kommune) og desse opplysningane kan bli lagra i arkiv på ubestemt tid.

Til tilsette: Personalopplysningar vert lagra så lenge tilsettingsforhaldet består og deretter i tre år, i samsvar med alminnelig foreldelsesfrist.

Samtlige opplysningar vi behandlar om deg i samanheng med at du er registrert som brukar vil bli lagra innanfor EU/EØS.

Alle opplysninga om deg er tilfredsstillande sikra både fysisk og logisk. Opplysningane om deg som brukar, tilsett, forelder, øvrig familie eller om ditt/dine barn blir kun bli lagra så lenge det er naudsynt for formålet dei blei innhenta for. Dette vil typisk bety så lenge du er tilsett eller ditt/dine barn er del av ein Vigilo barnehage eller skule.

Innanfor rammene av gjeldande lovgivning, har du følgande personvernrettigheter:

 

Rett til informasjon.
Du har rett til å motta ytterligare informasjon om vår bruk av personopplysningane dine.

 

Rett til innsyn.
Du har rett på en kopi av personopplysningane dine.

 

Rett til korrigering.
Du har rett til å få feilaktige opplysninger om deg retta. Du kan oppdatere opplysningane i din brukarkonto. Dersom det er andre opplysningar du meinar må rettast eller du ikkje har ein brukarkonto kan du kontakte oss direkte.

 

Rett til å bli gløymd.
Du har rett til å be om at opplysningene dine vert sletta dersom vi ikkje lenger har behov for dei. I staden for å slette personopplysningene, kan det i enkelte tilfeller vere aktuelt å anonymisere personopplysningane. Med anonymisering meines at alle identifiserende eller potensielt identifiserande kjenneteikn vert fjerna frå datasett som blir tatt vare på.

 

Rett til å begrense behandlingen av personopplysninger.
Du har rett til å be om at vi sluttar å bruke personopplysningane dine.

 

Rett til å få opplysninger overført.
Du har under enkelte omstendigheter rett til å få utlevert personopplysningar som du har gitt oss i eit format som gjer at du kan overføre personopplysningane til ein annan organisasjon. Du kan også ha rett til å få personopplysningene dine overført direkte frå oss til organisasjonen. Denne retten gjeld kun opplysningar som vert behandla med automatiserte metodar og som har grunnlag i samtykke frå deg eller som vert behandla som ledd i å oppfylle ein avtale med deg. Denne retten omfattar kun opplysninger som du har gitt oss, enten direkte gjennom for eksempel registrering av brukarkonto eller som er generert gjennom din bruk av våre tenester.

 

Rett til å motsette deg behandling av personopplysningar.
Du har rett til å motsette deg vår bruk av personopplysningane dine, for eksempel ved å motsette deg markedsføring.

 

Rett til å forhindre automatiserte beslutningar.
Du har rett til å ikkje vere underlagt automatiserte beslutningsprosessar med rettsleg eller liknande verknad (for eksempel automatisert kredittvurdering). På noverande tidspunkt nyttar vi ikkje automatiserte beslutningar.

 

Unntak
Det er unntak frå rettighetene vi har skildra over. Desse unntaka følger av lovgivningen og kan for eksempel innebære at det ikkje gis innsyn i enkelte opplysningar eller at opplysningane ikkje kan slettast. Du kan få meir informasjon om desse unntaka ved å kontakte oss eller Datatilsynet.

 

Du kan utøve rettighetene dine, og få meir informasjon om kva unntak og avgrensningar som gjeld, gjennom din brukarkonto eller ved å kontakte oss via vigilo.no/kundesupport

 

Dersom du meiner at vi har behandla personopplysningane dine på ein måte som ikkje er i samsvar med personvernlovgivningen, håpar vi at du kontaktar oss, slik at vi kan gi deg svar og oppklare eventuelle misforståingar. Du har også rett til å inngi klage til Datatilsynet.

Vigilo respekterer at barn har behov for særskilt beskyttelse av sitt personvern. Foreldre godkjenner på vegne av barna og barna kan samtykke sjølv frå fylte 15 år. Vigilo vil i sitt arbeid ha spesielt fokus på å sikre personvernet for barn som brukar eller er ein del av løysningen.

Vigilo brukar fleire bransjestandardiserte sikkerhetstiltak for å beskytte brukardata. Dette inkluderer, men begrenser seg ikkje til: brannmurar, segregering av data (både logisk og fysisk), back-up, screening, logging, TLS-kryptering av alle data som vert overført til / frå plattformen vår, autentisering og tilgongsstyring.

Ein informasjonskapsel, ofte kalt cookie, er ei lita tekstfil som vert lasta ned og lagra på brukaren sin datamaskin når brukaren opnar ei nettside. Informasjonskapselen vert nytta for eksempel til å lagre innloggingsdetaljer, huske handlekurv i nettbutikken eller registrere kor brukaren beveger seg rundt på nettstaden.

Informasjonskapslar kan vere nyttig både for eigar og brukar av ei nettside. Eigaren av nettsida kan tilpasse tenesta ut frå informasjonen som vert lagra. For brukaren kan besøk på nettsida opplevast meir brukarvenleg og tilpassa.

Vi nytter informasjonskapslar for å huske dine preferansar og innstillingar. Det kan for eksempel vere at du slepp å logge deg inn på nytt på din brukarprofil kvar gang du kjem inn på våre nettsider.

Vi bruker altså informasjonskapslar for å gjere betre opplevelinga di medan du navigerer gjennom nettstaden. Nokon av informasjonskapslane er naudsynte for grunnleggande funksjonalitet i nettstaden og vil derfor vere markert som naudsynte. Desse informasjonskapslane vert sletta automatisk når brukaren lukker nettstaden, samstundes som det ikkje lagrar brukardata.

Vi bruker også tredjeparts informasjonskapslar som hjelper oss å analysere og forstå korleis du og andre nyttar våre nettsider. Denne typen informasjonskapslar vert lagra i din nettlesar, kun etter at du har godkjent dette.

Du har altså mulighet til å velge kva informasjonskapslar som kan lagres i din nettlesar. Om du vel å ikkje tillate ein eller fleire informasjonskapslar vil dette påverke brukaropplevinga av vår nettstad.

 

Gå til «Innstillingar for informasjonskapslar» for å administrere dette.

Brukarinnstillingar for informasjonskapslar

 

Google
Vi nyttar tenester levert av Google for annonsestyring og analyse. Du kan velge å reservere deg mot innsamling og analyse av data gjennom Google Analytics ved å laste ned Google Analytics opt-out browser add-on her. Du finn meir informasjon om annonsetenestane frå Google her. Dersom du har ein Google-konto, har du også mulighet til å endre personlege annonseinnstillingar.

 

Zendesk
Vi nyttar Zendesk.com for å behandle førespurdnadar og yte god kundestøtte. Alle informasjonskapsler knytta til zendesk.com og vigilo.zendesk.com har som formål å gjere kundestøttesider så gode som mogeleg.

 

Vimeo
Vi nyttar Vimeo som ein tredjepart for å vise video på våre sider. Se https://vimeo.com/cookie_policy for nærare informasjon.

 

Cloudflare

Vi nyttar Cloudflare for å kunne identifisere individuelle klientar bak ei felles IP-adresse. Dette for å kunne gje denne pålitelige klienten tilgong sjølv om vi tidlegare har identifisert at andre klientar på felles IP-adresse ikkje er pålitelige. Dermed identifiseres pålitelige brukarar på klient nivå og ikkje på basert på felles IP-adresse. Vi lagrer i denne forbindelse ikkje personleg identifiserbar informasjon.

 

1. Generelt
Eigaren av denne nettstaden/løysninga er Vigilo AS, eit norsk selskap som er registrert i Brønnøysundregisteret med organisasjonsnummer: 995 392 755. Ved å nytte denne nettstaden og eller vår løysning samtykker du i følgande Brukarvilkår.

 

2. Lovlig bruk
Alt materiale, innhald og alle tenester på denne nettstaden/løysninga er utelukkande til di personlege bruk, og du kan ikkje nytte det i kommersielt øyemed, om ikkje anna er skriftleg avtalt med Vigilo AS. Det er forbudt å nytte automatiske metodar eller programvare til å samle inn data frå denne nettstaden til kommersiell bruk. Vi forbeholder oss retten til å utføre dei tiltak vi anser som naudsynte ved urettmessig bruk av nettstaden/løysninga vår, utan forvarsel. Slike tiltak kan, utan forvarsel, innebære, men begrenser seg ikkje til at vi nekter deg tilgong til nettstaden vår eller tar rettslige skritt.

 

3. Opphavsrett til åndsverk
Alt materiale, innhald og data som vert lagt ut av Vigilo AS på denne nettstaden eller i løysning, inkludert, men ikkje begrenset til, navn, logoar, artiklar, fotografier osv., i tillegg til nettstedaden sitt design og kildekode, er underlagt opphavsrett til åndsverk, varemerkerettighetar, databaserettighetar og/eller andre immaterielle rettighetar. Det er ulovleg å fullstendig eller delvis kopiere, endre, distribuere, bruke eller reprodusere nettstaden sitt innhald utan skriftleg forhåndstillatelse frå Vigilo AS.

 

4. Lenker til andre nettstader
Nettstaden vår kan innehalde lenker eller henvisningar til andre nettstader. Vigilo AS fråskriver seg alt ansvar for innhald, annonsar eller produkt som er tilgjengelege på slike nettstader. Med mindre noko anna er spesifisert, stiller Vigilo AS seg ikkje bak produkter og/eller tenestar som blir tilbudt på slike nettsteder.

 

5. Ansvarsfraskrivelse
Nettstaden og løysninga blir levert «som det er». Vigilo AS tar alle rimelige steg for å holde informasjonen på nettstaden korrekt og oppdatert, og for å oppretthalde ein rask og påliteleg teneste. Om anna ikkje er skriftleg avtalt med kunde kan ikkje Vigilo AS bli haldt ansvarleg for tap eller skader som oppstår som følge av bruk av dette nettstaden, løysninga eller andre nettstader som er lenka til. I likhet overnevnte kan Vigilo AS heller ikkje haldast ansvarleg for tap eller skader som oppstår som følge av bruk av informasjon som ligg på denne nettstaden, i løysninga, eller på ein nettstad som er lenka til desse.

 

6. Endring av nettstaden
Vi forbeheld oss retten til å utføre forbetringar eller endringar i forhold til informasjon, tenestar, produkt og anna innhald på nettstaden vår på eit kva som helst tidspunkt og utan forvarsel.

 

7. Endring av brukarvilkår
Vi forbeheld oss retten til å endre, tilrettelegge, legge til eller fjerne delar av desse Brukarvilkåra på eit kva som helst tidspunkt og utan forvarsel. Dersom du held fram å bruke denne nettstaden og eller løysninga til Vigilo AS, samtykker du i desse endringane av Brukarvilkåra.

Kort fortalt handler en tilgjengelighetserklæring om i hvilken grad en nettside etterlever kravene til universell utforming av ikt.

 

Tilgjengelighetserklæringen er først og fremst til for brukerne, og den skal gi informasjon om ev. brudd på kravene og hvilke utfordringer det kan føre til for brukerne.

 

Finner du feil eller mangler kan du melde fra om dette ved å klikke på lenken for tilgjengelighetserklæring knyttet til din kommune:

Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.
Ikke tilgjengelig. Ta kontakt med kommunen.